Årbok for Telemark 2011

99.00 kr
260.00 kr
Du sparer: 161.00 kr

Sidan det var 100 år sidan Halvor J. Sandsdalen, den fine lyrikaren frå Seljord, vart fødd, var det naturleg å samla mykje av innhaldet rundt han.

Varenr: 1503251454

Årbok for Telemark 2011

Fra innholdet:

Sidan det var 100 år sidan Halvor J. Sandsdalen, den fine lyrikaren frå Seljord, vart fødd, var det naturleg å samla mykje av innhaldet rundt han.

I tillegg til artiklane om Halvor J. Sandsdalen inneheld boka også fleire andre artiklar:

Eilert Kvernes tek oss med på ei ferd med bussen frå Bø til Haugesund på 1960-talet der så mangt kunne hende.

Anne Haugen Wagn har fylgt i fotefara til Moltke Moe i innsamlingsarbeidet hans i Bø og bygder i Aust-Telemark.

Vandra i fotefar har også Arne T. Aabø gjort, men det er i spora etter Folaheften og ætti hans. Den same forfattaren fortel også om den legendariske fotballspelaren Jørgen Juve og ætterøtene hans frå Tokke og Kviteseid.

Og sjølsagt møter me Halvor J. Sandsdalen sjølv i nokre utvalde dikt. Sonen til Halvor, Odd Jan Sandsdalen, helsar oss med diktet 'Søkjer de far min' til innleiing.

I det heile skulle det vera noko for einkvar smak.

Rikt illustrert med fotografier.

Utgitt av Årbok for Telemark - Telemark Mållag 2011
ISBN 9788292451137
Innbundet
Antall sider: 141