Torkildsen, Terje: DYSTOPIA 1

114.50 kr
229.00 kr
Du sparer: 114.50 kr

Terje Torkildsen
DYSTOPIA I

roman

Spenningsserie for utolmodige tenåringar

Dystopia I er første boka i firebokserien DYSTOPIA2014. Seks syttenåringar frå International School of Stavanger er på studietur i London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne.

Ei kjempebølgje slår inn over metropolen om morgonen 18. januar 2014. Byen bryt saman, og det blir ei reise på liv og død for ungdommane, som berre har eitt mål: Dei vil heim til Noreg.

Dystopia I er skreddarsydd for utolmodige tenåringar. Med eit dødsalvorleg bakteppe skaper komikar og forfattar Terje Torkildsen ei bok med humor, driv og ungdommeleg optimisme.

Terje Torkildsen debuterte med romanen Marki Marco i fjor. Han er av ungdommar stemt fram som vinnar av UPrisen 2009. Torkildsen mottok prisen under Litteraturfestivalen på Lillehammer i mai i år.

Utgitt av Samlaget 2009
Isbn 9788252174090
Heftet, 182 sider
Kun 1 eks igjen til tilbudspris.
Har du spørsmål eller ønsker å se flere bilder av boka, send oss en melding via vår KONTAKTSIDE 

Varenr: WSHOP-4704
Tilgjengelighet: På lager