Ved: Samlaget

Brekstad, Kolbjørn: Den lange striden - brukt bok

70.00 kr

Dette er den tredje romanen om Rein Lodinsson, den unge høvdingen frå norsk folkevandringstid. Utgitt av Det Norske Samlaget 2001

Varenr: 302111314


Kolbjørn Brekstad 
DEN LANGE STRIDEN
roman

Bokens baksidetekst:
Hesten kom i fullt tan rett gjennom risgjerdet så kvistene spratt rundt han mennene som var nærmast, veik unna for ikkje å bli trampa ned. Tvers over hesteryggen hang noko som såg ut til å vera eit menneske det var ikkje så godt å sjå i farten. Hesten storma over tunet og bortover bøen som om han var galen, men svinga av og heldt seg langs risgjerdet mot skogkanten no var det lett å sjå at det låg eit menneske på hesteryggen. Noen karar rente etter, men nådde han ikkje igjen.
- Finn eit reip! Finn eit reip! var det ein som ropte.

I to harde slag har bøndene i fjorden klart å slå tilbake angrepa frå inntrengjarfolka som kjem sjøvegen. Men alt før det andre slaget har det kome bod om at nye inntrengjarar er komne over austfjella og ned til fjordbotnen, der dei har teke to gardar og drepe gardsfolket. Den unge Rein Lodinsson og dei andre bøndene møtest på tinget og bestemmer seg for å prøve å drive ut inntrengjarane. Men dei har mektige motstandarar, og forstår etter kvart at dei også har ein fiende blant sine eigne, ein svikar ....

Dette er den tredje romanen om Rein Lodinsson, den unge høvdingen frå norsk folkevandringstid. I 1999 kom DET SYNGANDE SVERDET og året etter oppfølgjaren VARGVINTER.

Kolbjørn Brekstad, fødd 1932 i Ørland, Sør-Trøndelag, har gitt ut ei rekkje romanar, noveller og essey. Dette er den tredje boka han har skrive for vaksen ungdom.

Utgitt av Det Norske Samlaget 2001
Isbn 8252158056
Innbundet, smussomslag
203 sider, 8vo
Brukt bok