Ved: Spartacus

Grytten, Frode: DUBLIN

99.00 kr
228.00 kr
Du sparer: 129.00 kr

I serien: Forfattarens guide

Over 22 vittige og rørande kapittel får du ein smak av eit Dublin bortanfor dei tradisjonelle guidebøkene.

Varenr: 1803131114

Frode  Grytten: DUBLIN

I serien: Forfattarens guide

Dublin er pop, preik og poesi. Dublin er latter, spøk og sorg. Den irske hovudstaden har også vore viktig for forfattaren Frode Grytten.

I denne boka skriv Grytten fram sitt eige Dublin. Saman med fotograf Oddleiv Apneseth tar han deg med ut i levande gater, inn på pubar og veddeløpsbanar. Du får møte stupfulle rockestjerner, stolte bypatriotar og blodige cupfinalistar i gælisk fotball. Blandinga av humor og innleving er særeigen for Grytten, og dette er ei bok for alle som vil vite meir om Dublin – og om Grytten sine inspirasjonskjelder.

Over 22 vittige og rørande kapittel får du ein smak av eit Dublin bortanfor dei tradisjonelle guidebøkene.

Frode Grytten (f 1960) var tidlegare journalist i Bergens Tidende og er no forfattar på heiltid, busett i Bergen. Sist utgitt ”Popsongar” (Samlaget 2001).
Vi gratulerer Grytten med norsk språkpris for 2003, som deles ut av Norsk Språkråd.
Om Dublin skriver juryen: "Mykje av boka Dublin handlar om språk, om korleis irane tek "ordet på ordet" og, slik forfattaren uttrykkjer det, "dansar med talemåtar". Forfattarens eigen skrivemåte er også ei dansing og ein leik med tale- og skrivemåtar, med ordtak, boktitlar, populærkulturelle referansar og sitat frå bartenderar, tiggarar, kremmarar og folk flest. Forfattaren har på denne måten skapt ein uvanleg rik tekst, som appellerer til mange ulike lesargrupper, og som i likskap med andre delar av forfattarskapen må seiast å vera ei domeneerobring for nynorskens del".

Utgitt: 2002
Forlag: Spartacus
Sider: 218
Språk: Nynorsk
Innb.: Innbundet
ISBN: 8243002103
Emne: Reiser
Sted: Dublin
Høyde: 17,8 cm
Bredde: 12,8 cm
Vekt: 309 gram