Ved: Gyldendal

Vesaas, Tarjei: Is-slottet

60.00 kr
149.00 kr
Du sparer: 89.00 kr
Is-slottet (1963) er ein roman som representerer Vesaas på høgda av si skapande kraft. Boka fortel om venskapen mellom to jenter i gryande pubertetsalder, Siss og Unn.
Varenr: 1303141445



Tarjei Vesaas :
Is-slottet

Is-slottet (1963) er ein roman som representerer Vesaas på høgda av si skapande kraft. Boka fortel om venskapen mellom to jenter i gryande pubertetsalder, Siss og Unn.

Unn går for langt inn i den frosne fossen, og Siss kjempar ein lang vinter mot frosten i sitt eige sinn. Jentene opplever først at der blir knytte band mellom dei på eit vis dei ikkje kan forklare. Dei er to av ei og ei i to.

Dette er ein roman om vaknande kjensler, om å vere åleine og framand i verda, om å vere barn og stå på terskelen til eit vakse medvit, og om det mørke grenselandet i sinnet der mange slags krefter, draumar og drifter strir om makta.

For Is-slottet fekk Tarjei Vesaas – som første norske forfattar – Nordisk Råds litteraturpris i 1963. Boka vart filmatisert i 1987 av regissør Per Blom og er omsett til ei rekkje språk.

I 2005 samarbeidde Teatret Vårt og Det Norske Teatret om ei dramatisering av romanen.

Utgitt av Gyldendal 2007
ISBN 9788205367081
Pocket
Antall sider: 156