Ved: Samlaget

Øglænd, Finn: Sjelefred Ei forteljing - brukt bok

40.00 kr
( 40.00 kr )
80.00 kr
Du sparer: 40.00 kr
Om ikkje hovudpersonen er ein helt - til det er han vel for skrudd - får vi likevel ei slags ømheit for han. Vi skjønar etter kvart at han gjer så godt han kan, sjølv om det ikkje er så mykje han får til - anna enn å spele biljard. Men kanskje er det ikkje å forakte, det heller? Finn Øglænd leverer her endå eit eksempel på at han meistrar den svarte humoren.
Varenr: 309051259
Tilgjengelighet: På lager

Ask Antikvariat tilbyr brukt utgave av:

Finn Øglænd:
SJELEFRED
Ei forteljing

Forlagets omtale:
Ein mann blir funnen forfrosen på gata ein tidleg vintermorgon og blir køyrt til sjukehus i feberfantasiar. Så snart han kjem til sans og samling, rømmer han derfrå for å ta opp att sitt vante liv.

Han lever som menn flest, eller slik mange menn trur dei vil leve: Han drikk øl, spelar biljard, sjekkar opp ei dame på puben, ei kassadame på REMA 1000 og ei venninne frå gamle dagar. Til sist hamnar han på ein heidundrande fest som tilfeldigvis fell saman med hans eigen 40-årsdag.

Romanen er ein hyllest til ''vanlege'' menneske - som kanskje ikkje er så vanlege likevel, og til kvardagslivet som i all sin banalitet inneheld visse høgdepunkt.

Om ikkje hovudpersonen er ein helt - til det er han vel for skrudd - får vi likevel ei slags ømheit for han. Vi skjønar etter kvart at han gjer så godt han kan, sjølv om det ikkje er så mykje han får til - anna enn å spele biljard. Men kanskje er det ikkje å forakte, det heller?

Finn Øglænd leverer her endå eit eksempel på at han meistrar den svarte humoren. SJELEFRED er ein roman i slekt med den førre romanen til forfattaren, HJARTEBLOD (1993).

Utgjeven av Samlaget 1998
Isbn 8252151205
Innbundet, pent eksemplar, lite forlagsstempel, smussomslag ved Cathrine Haanes
94 sider, 8vo
Brukt bok