Kleppen, Grete : Blå fuge for far min
Grete Kleppen:
Blå fuge for far min
Sanseleg og fargerikt om musikk
Han var skomakar og ein svært sentral person i musikklivet i småbyen. Faren og musikken pregar barndommen, saman med historier frå tidlegare tider, som når byen blir bomba i april 1940, og faren flyktar med musikkinstrumenta sine, Keisar Wilhelm 2. kjem på sommarbesøk, og kunstnaren Kurt Schwitters kjem til skomakarverkstaden med dei utgåtte skorne sine.
Sofie Braut, Stavanger Aftenblad
«Kleppens språkføring og forteljestil står det respekt av. Nynorsken er ledig og presis på same tid, ofte med ein lun underliggjande humor og stundom med reine poetiske parti. Sjølv om romanen er proppfull av ulike episodar, er det farsskikkelsen som er det absolutt tematiske sentrumet og som knyter saman alle dei fargerike trådane i boka til ein fascinerande heilskap. Bak det heile anar vi at forfattaren vil gjere ære pa? og vise sin kjærleik til eit menneske som har forma henne på så mange vis, men utan ein augneblink å bli sentimental og tårevåt. Og takk for det.»
Utgitt av Samlaget 2010
ISBN 9788252177398
Innbundet
Antall sider: 131