Hjeltnes, Arne: Ivar Nimme

60.00 kr
339.00 kr
Du sparer: 279.00 kr
roman. Ein dag står byråkrati og reglar i det vesle tunet på Nimme. Den sta bonden tek opp kampen for grisane og garden sin, men oppvigleriet får store konsekvensar. Det er mektige krefter, utan kjensler eller andlet, han kjempar mot.
Varenr: 9788248909873

 

Arne Hjeltnes:
Ivar Nimme

Ivar Nimme er grisebonde og ungkar. Han drog frå ein god jobb som altmoglegmann på Golsfjellet for å ta over garden, då faren forsvann i Kina. Kona hans reiste frå han, men i den vesle dalen på Vestlandet har han saman med 400 velfødde svin funne oppskrifta på framifrå grisehald.

Ein dag står byråkrati og reglar i det vesle tunet på Nimme. Den sta bonden tek opp kampen for grisane og garden sin, men oppvigleriet får store konsekvensar. Det er mektige krefter, utan kjensler eller andlet, han kjempar mot.

Med ryggen mot veggen og ei handfull tilfeldig samanraska kameratar, slåss Ivar for fyrste gong for det han trur på. Viss dei følgjer samfunnet sine spelereglar, er dei dømde til å mislukkast. Men kven bryr seg om slikt, når sjølve livet til ein grisebonde står på spel?


Utgitt av Kagge forlag 2010
ISBN 9788248909873
Innbundet
Antall sider: 238