Bildøen, Brit: Mitt milde vesen
I ein prosa full av rytme og rørsle spelar eit mørkt familiedrama seg ut, i ei rik og frodig vestlandsbygd som kan skryte av tidenes første vikingfestival, ein paradisisk hage, ein kjær bygdediktar, og ei sjeldan manet som pulserer og lyser lengst nede på botnen i den djupe fjorden. Mitt milde vesen er ein roman om lyset i mørket og demonane som bur i oss alle.
Brit Bildøen
Mitt milde vesen
roman
Forlagets omtale:
Mor til Johanne er på sjukeheimen, og har i fleire månader nekta å snakke med dottera. Faren forsvann sporlaust for lenge sidan. Kvifor er mora så sint? Kva skjedde med faren?
"Vakkert og visuelt om raseri, taushet og kjærlighet" skriv Dagbladet i si melding av boka.
I eit forsøk på å forstå livet til foreldra, trenger Johanne også inn i mørkare lag av sitt eige ekteskap. Aleine i dei tomme husa og det nedlagte gartneriet på Lauvstad kan ho endeleg konfrontere si eiga skam, sin aggresjon og trass. Er det mogeleg å leve saman etter svik og utruskap?
I ein prosa full av rytme og rørsle spelar eit mørkt familiedrama seg ut, i ei rik og frodig vestlandsbygd som kan skryte av tidenes første vikingfestival, ein paradisisk hage, ein kjær bygdediktar, og ei sjeldan manet som pulserer og lyser lengst nede på botnen i den djupe fjorden.
Mitt milde vesen er ein roman om lyset i mørket og demonane som bur i oss alle.
Utgitt av Samlaget 2006
Isbn 8252169155
Innbundet
207 sider