Ved: Oktober forlag

Shakespeare, William: Henrik IV del II

124.50 kr
249.00 kr
Du sparer: 124.50 kr

Gjendiktning ved Edvard Hoem

Varenr: 9788249506361



William Shakespeare  
Henrik IV
del II

Gjendiktning ved Edvard Hoem

Prins Henrik, den vordande heltekongen Henrik den femte, er hovudperson i dobbeltdramaet, ikkje far hans som stykka var oppkalt etter. Vi følgjer ein ung mann sitt syndefall, omvending, forbetring og oppreising.

I del I, møter vi prinsen i dårleg selskap, saman med Sir John Falstaff, men i striden med opprøraren Henry Percey – Bråfyk –, syner prinsen heltemot, og er dyktig med vapen, og da han i femte akt i del II skrider ut av Westminster Abbey som nykrona konge, avviser han Falstaff:

Du gamling, er meg ukjend, be til Gud.

Kor ringt det kvite hår kler narr og gjøglar!

Eg drøymde lenge om ein mann som denne

så ei fyllevom, så gammal, og så gudlaus.

Så vakna eg og hata denne draumen.

Charles Swinburne samanlikna Falstaff med Sancho Panza hos Cervantes og Panurge hos Rabelais. Falstaff er ein narr og ein bajas, språket hans er ein særeigen, rik blanding av høgt og lågt.

Edvard Hoem har gjendikta tolv skodespel av William Shakespeare: Kong Lear, Romeo og Julie, Kjøpmannen i Venezia, Troilus og Kressida, Othello, Når trollet skal temmast, Richard III, Macbeth, Som de vil, Richard II og Henrik IV, del I og del II.

Utgitt av Oktober 2009
ISBN 9788249506361
Heftet
Antall sider: 173