Ved: Samlaget

Grepstad, Ottar: VILJEN TIL SPRÅK Ei nynorsk kulturhistorie

199.50 kr
( 199.50 kr )
399.00 kr
Du sparer: 199.50 kr

Med språkleg stilsikker skreddarsaum viser Ottar Grepstad korleis aukande lese- og skrivekunne har danna grunnlaget for språkleg og kulturell demokratisering. Han reviderer språkhistoria på viktige punkt, legg særleg vekt på dei meiningsdannande miljøa blant nynorskbrukarane, avdekkjer ukjende sider ved historia til målrørsla og gir kvinnene den plassen i målrørsla som så ofte er blitt oversett. På unikt vis har forfattaren supplert den historiske framstillinga med Nynorsk margleksikon, der 150 profilerte personar og institusjonar blir presist omtalte med råkande karakteristikkar.

Varenr: 1803201144
Tilgjengelighet: På lager

Den viljen til språk som har prega arbeidet for nynorsk, har fått mykje å seie for norsk språk og kultur allment og for demokratisering av både samfunn og språk. Dette er den første samla framstillinga av den nynorske kulturhistoria, gjennom 1500 år fram til dagens www og sms. Utgjevinga kjem same veke som Noregs Mållag feirar sitt hundreårsjubileum.

Med språkleg stilsikker skreddarsaum viser Ottar Grepstad korleis aukande lese- og skrivekunne har danna grunnlaget for språkleg og kulturell demokratisering. Han reviderer språkhistoria på viktige punkt, legg særleg vekt på dei meiningsdannande miljøa blant nynorskbrukarane, avdekkjer ukjende sider ved historia til målrørsla og gir kvinnene den plassen i målrørsla som så ofte er blitt oversett. På unikt vis har forfattaren supplert den historiske framstillinga med Nynorsk margleksikon, der 150 profilerte personar og institusjonar blir presist omtalte med råkande karakteristikkar.

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum har i lang tid samla faktatrådar og spent opp den historiske renninga med alskens emne som har å gjere med nynorsk språk og kultur. I denne boka står veven fram i heile si fargerike breidd.

                                                                  
Utgjeven av Samlaget 2006
Isbn 9788252166545
317 sider
Kun 1 eks igjen til tilbudspris.
Har du spørsmål eller ønsker å se flere bilder av boka, send oss en melding via vår KONTAKTSIDE