Gatland, Jan Olav: DET LITTERÆRE LIV Rolv Thesen og hans tid - brukt bok (h6)

55.00 kr
( 55.00 kr )
110.00 kr
Du sparer: 55.00 kr

Jan Olav Gatland
DET LITTERÆRE LIV
Rolv Thesen og hans tid

Med litteraten Rolv Thesen i sentrum er dette ei bok om det litterære livet i Noreg i store delar av det førre hundreåret.

Rolv Thesen (1896 - 1966) var ein av landets viktigaste og mest respekterte litteraturformidlarar på 1900-talet. Han var sentral på fleire område, mellom anna som litteraturkritikar i Arbeiderbladet i nesten førti år, forlagskonsulent i Aschehoug, litteraturforskar og som medlem av Forfatterforeningens litterære råd frå 1937 til 1963.

Han er særleg kjend for trebindsbiografien om Arne Garborg, for bøker om Tore Ørjasæter, Olav Duun og Johan Falkberget, og for sine mange artiklar.

Thesens siste store prosjekt var eit fembindsverk, Diktaren og bygda, der han ville setje dikting med emne frå bygdelivet inn i ein sosialpsykologisk samanheng. Han rakk å fullføre tre bind. I tillegg gav han ut tre diktsamlingar under namnet Harald Hamre.

Det litterære liv baserer seg på Rolv Thesens mangslungne korrespondanse med forfattarar som Hulda Garborg, Olav Duun, Kristofer Uppdal, Tore Ørjasæter, Johan Falkberget, Inge Krokann, Halldis Moren og Tarjei Vesaas, Aslaug Vaa, Helge Krog, Arthur Omre, Torborg Nedreaas, Ragnvald Skrede, Peter Egge, Martin A. Hansen og mange andre.

Illustrert med fotografier

Utgitt av Vigmostad & Bjørke 2006
Isbn 82-419-0452-5
Heftet, 276 sider
Brukt bok
Vær oppmerksom på at vi stort sett kun har 1 eksemplar av de brukte bøkene. Bildene er av eksemplaret vi har på lager.  
Har du spørsmål eller ønsker å se flere bilder av boka, send oss en melding via vår KONTAKTSIDE

Varenr: Askbok.no -5285
Tilgjengelighet: På lager