KNUT RUMOHR TEMPERAment

145.00 kr
290.00 kr
Du sparer: 145.00 kr

Knut Rumohr – TEMPERAment

Forfattar: Ingrid Norum 

Malaren og grafikaren Knut Ruhmor er ein av dei mest profilerte nonfigurative kunstnarene frå midten av forrige århundre. Han er mellom anna kjend for ekspressive landskapsmaleri med utgangspunkt i vestnorsk natur. Då han døydde i 2002, etterlet han seg ei rikhaldig samling av maleri på Frønningen i Sogn og Fjordane og i Oslo. Boka Knut Rumohr – TEMPERAment tek utgangspunkt i denne samlinga.

Maleria er frå tida 1939 til 1998, med vekt på 1980- og -90-åra, og er difor representative for Rumohr sitt arbeid og utvikling. Knut Rumohr –TEMPERAment  handlar meir om malaren enn grafikaren Knut Rumohr, med fokus på utviklinga over tid i Rumohr sine abstrakte temperamaleri. Forfattaren Ingrid Norum ser på  teknikk, kunstnarleg temperament, uttrykk og innhald, og setjer han inn i ein vestlandsk, norsk og internasjonal samanheng. Ho reiser spørsmåla om korleis han vart han motteken av kritikarane i si samtid, korleis har han vorte omtala i den norske kunsthistoria, og om der finst myter om Rumohr som står for fall. 

Boka har norsk og engelsk tekst, og er den fjerde utgjevinga i kunstbokserien MYNDIR. Tidlegare utgjevne bøker i serien er KUNSTsf2012, Tech-Stiles og Trekk. Knut Rumohr – TEMPERAment vert utgitt i samband med ei utstilling med same namn som vert vist ved Sogn Kunstsenter i Lærdal fram til hausten, før ho reiser vidare til Sogn og Fjordane Kunstmuseum i Førde i oktober.  

Skald forlag 2014
Nynorsk/engelsk
19,9 x 24,5 cm
128 sider
Innbunden, skoren på blokk
Formgjeving: Silje Nes
ISBN 9788279592112

Varenr: WSHOP-4587
Tilgjengelighet: På lager