ISLAM OG KRISTENDOM konflikt eller dialog?

149.00 kr
( 149.00 kr )
298.00 kr
Du sparer: 149.00 kr

av Oddbjørn Leirvik. Denne boka tar utgangspunkt i islam i Norge, og tar dernest lesaren med på ei fargesterk og tankevekkjande reise i tida, tilbake til 6-700-talet, då det rike, men også spenningsfylte samlivet mellom kristendom og islam tok til. 

 

Varenr: 1803081459
Tilgjengelighet: På lager

av Oddbjørn Leirvik


I Norge, og i Vest-Europa elles, er det muslimske nærveret nytt og sterkt. Denne boka tar utgangspunkt i islam i Norge, og tar dernest lesaren med på ei fargesterk og tankevekkjande reise i tida, tilbake til 6-700-talet, då det rike, men også spenningsfylte samlivet mellom kristendom og islam tok til.

Oddbjørn Leirvik fortel om forholdet mellom muslimar og kristne i Arabia og Bagdad, om den spanske gullalderen, om korstoga og om islamsk renessanse. Historia blir ført fram til vår eiga tid, då kulturmøtet skjer midt i Europa der kristne, muslimar og andre med og utan religion strevar med å finne fram til nye former for fleirreligiøst og multikulturelt samkvem.

Mens første del av boka gir historisk perspektiv til dei religiøse, etiske og politiske sidene ved dette kulturmøtet, drøftar andre del likskapar og skilnader mellom bl.a. Bibelen og Koranen. Dernest får vi ein grundig diskusjon av meir etiske tema som lov, fridom og samvit i islam og kristendom.

Den siste delen av boka tar så opp politiske tema som stat og religion, menneskerettar, kjønnsmakt og valdsbruk. Eit sentralt spørsmål i boka er kva som skjer i spenningsfylte rommet mellom dei to religionane: vil muslimar og kristne alltid vere i konflikt eller kan dei kome i dialog med kvarandre og skape nye fellesrom?

Utgitt av Pax 2006
Isbn 8253028385
Språk: Nynorsk
Format: Innbundet
329 sider

Kun 1 eks. på lager til tilbudspris!