Parr, Maria: Tonje Glimmerdal

99.00 kr
199.00 kr
Du sparer: 100.00 kr

Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok 2009!

Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det?

Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespel!

Her er latter, drama, tårer og musikk, og romanen gir assosiasjonar til Johanna Spyris Heidi og ikkje minst Astrid Lindgrens univers. Maria Parrs debutbok, Vaffelhjarte, var ein suksess og er ute på sju språk. Tonje Glimmerdal er allereie seld til fleire land.

Utgitt av Samlaget 2009
Isbn 978 82 521 7403 8
Innbundet, 281 sider
Kun 1 eks igjen til tilbudspris.
Har du spørsmål eller ønsker å se flere bilder av boka, send oss en melding via vår KONTAKTSIDE 

Varenr: WSHOP-4419